Geir M. Brungot - Livet er ei lokal affære
Eva Furseth, kunsthistorikar


"Hev ankeret i sjelen din og seil avgårde til de store sjøer."
Shirley Jacobsen

Det kan vere krevjande for ein kunstnar å kuratere eigne utstillingar, kanskje spesielt ei så pass omfattande som Geir Morten Brungots ”Livet er ei lokal affære”. Men når bildeutvalet og samanstillinga først klaffar, får vi ei utstillig herleg fridd for betrevitande føringar. Utstillinga spenner over 16 år, og gir oss høve til å finne bruer så vel som utviklingslinjer.

Utgangspunktet for store delar av kunsten til Brungot er den staden han har nær tilknyting til, den vene fjordbygda Sykkylven med møbelindustrieventyr og knappe 8000 sjeler. Her har han vakse opp og her jobbar han med kunsten sin. ”Sykkylven er kanskje det vakreste av alle Sunnmørske landskaper”, skreiv Kristoffer Randers i 1890, og held fram ”Hva som betinger dette, er ikke noe enkelt – ikke fjorden – ikke fjellene, ikke breene, ikke dalen – men alt dette i forening, den harmoniske blandingen av det storartede med det smilende.”

Det er likevel ikkje det openbart storslagne Brungot tek opp; han går tett innpå motivet, ser på strukturar i jorda, veggen, eller grastustane ved ei rundkjøring. Han tek for seg fornemmelsen ved det kjente – det som er vanskeleg å beskrive med ord og som ein må være lommekjent for å fange opp. Det er likevel ikkje heimstaden som sådan kunsten til Brungot handlar om. For motiva hans ligg ikkje berre i det kameralinsa fangar opp; ved hjelp av eit særskilt blikk underbygd av godt fotografisk og kompositorisk handverk blir motivet løfta opp til eit plan der verket får nytt innhald frigjort frå den røyndommen det materialiserer. Kunsten hans utfaldar seg såleis i sonen mellom det stemningsmetta landskapsfotografiet og konseptuell kunst. Ein serie som ”Verda ifylgje meg” (1996-2002) slår attpåtil med tittelen fast at det er hans høgst personlege blikk han gir uttrykk for.

Og det er ei underleg verd Brungot fører oss inn i. Det er vel uråd å sette fingeren eksakt på kva det er; men her møter vi gjerne det vi elles ikkje ser, eller det vi gløymer så snart vi har sett det – all den informasjonen som hjernen vår er programmert til å sjalte ut i et tilvære fullspekka av inntrykk. Her blir vi ståande og sjå på bilde av trivielle rundkjøringar, strukturar i betong, opne plassar. Overalt i Brungots univers er det så aude, så tomt. Her er nesten ingen menneske, og når vi møter nokon, vender dei gjerne ryggen til, nærast demonstrativt. Sjølv der ein kunne forvente store folkemengder er det ingen. Men her er alltid avtrykk av menneske; ei urban setting med bilar, eit bordtennisbord. Sjølv om vi skimtar kjøretøy på ein motorveg langt unna, forsterkar dette lukta av einsemd – som vert tjukkare jo fleire verk du ser.

"Er det ikke sant at de ”ytre, objektive” kjensgjerninger får noen interesse og betydning bare i den utstrekning de strømmer inn i våre tanker og følelser og blir til stemmer som gir gjenklang i de dype huler og ganger i oss, kort sagt blir ett med vår angst og vårt håp, vår glede og vår lidelse."
Vladan Desnica

Verka fungerer som eit slags sjeleleg landskap, og minner oss om at når alt kjem til alt så er vi alle åleine, fanga i vårt eige med den ubehagelige vissa at ingen nokon gong kan forstå oss fullt ut. Ei visse like gammal som mennesket, og som legevitskapen nervøst prøver å viske vekk, og som kunstnarar og filosofar gjennom alle tider har gjort til si utfordring.

Av dei utstilte verka er det vel serien "Evig eies kun det tapte" (1999-2003) som har mest eintydig symbolikk. Her vert vi konfronterte med døden på ulike vis; frå det direkte og smertefulle, til metaforiske bilde – mellom anna ein bringebæråker, der eit melankolsk sinn vil sjå gravkrossar i staden for avstivarar for bærbuskar. Påminninga om at blikket er subjektivt og kontekstbasert, er ein gjengangar i kunstnarskapet hans. Eit av Brungots viktigaste verkemidel for å oppnå dette er det estetiske, bilda hans er rett og slett vakre å sjå på. I ei årrekkje har han jobba i svartkvitt, gjerne med kraftige kontrastar i lys og skugge som manar fram interessante strukturar og rytmar. Fotografia er så taktile at vi kan plukke grasstråa, føle betongmuren mot fingertuppane. Dei tiltalande stofflege kvalitetane gir oss lyst til å bli ståande og sjå, sjå tilstrekkeleg lenge til at vi får teven av meir enn det auget umiddelbart kan oppfatte. Då legg vi kanskje betre merke til at det samtidig er noko behageleg med fråversstemninga som kviler over bilda. I ein hektisk overlessa kvardag er det godt å møte noko stille, ryddig, ordna. Dette ser vi kanskje klarast i seriar som ”Kjedsomhetens fotografi” (2001), som tek føre seg tette utsnitt av ulikt teksturerte flater. Motiva kviler alltid på få komponent. Likevel er bilda komponert slik at dei oppnår ein diskret monomunetalitet som får oss til å ane det store alvoret og tyngda.

Desse meditative bilda fører oss til noko som ligg nær Austens filosofi. Innan taoismen blir ikkje tomheit eller ikkje-væren jamstilt med "ingenting", men som eit fråver av sansbare kvalitetar. Såleis får ikkje-væren høgare status enn væren. Når taoisten i sitt sinn realiserer Tomheit, tyder det at ein har frigjort seg frå alle hindringar og distraksjonar slik at Tao kan manifestere seg i mennesket fritt og spontant. Berre såleis kan ein oppnå harmoni og likevekt. Dette harmonerer godt med det asketiske uttrykket som Brungot legg vinn på å få fram. Ved første augekast har fotografia hans minimalt med innhald, men etterkvart vil vi oppleve at det nettopp er det enkle formspråket som gir dei rom og fylde.

"Mennesker som mener de kan forklare alt, setter ting inn i system de selv har konstruert, passende til deres behov for demping av livsangst, dødsangst og hungeren etter å være evig-eksisterende."
Per Hansson

Når det gjeld fotokunsten til Brungot må vi passe oss for å døsig ramle inn i ein ferdigsydd analysemodell, for bilda inneheld som regel ein brodd – ein snert. Slik må ein alltid vere vaken i møte med verka, så vel som med kunstnaren personleg. Brungot er ein nærverande kar med stort pågangsmot, som liker å dra alle former for autoritetar ned frå sin høge hest.

Så sjølv når vi har funne fram til ei tolking, bør vi ikkje føle oss for trygge. For humoren, det skeive blikket er alltid der. Men det er likevel ikkje tale om ironiske bilde. Det ironiske vil alltid vere belemra med ein uforpliktande distanse, og ein slik synsvinkel gjer det ærlege og inderlege mindre synleg. Og det er noko som definitivt ikkje gjeld for Brungots kunst. I fotografia hans ligg det ikkje nokon ironisk kulde som fjernar oss frå verket – då heller ei inkluderande, lun erting. Det underfundige ligg gjerne muntert vevd med tynne fargerike trådar sjølv inne i dei mest svartkvitte av bilda, og såleis utfordrar kunstnaren oss endå ein gong.

Bilda til Brungot gir i større grad instinktive kjensler enn konkrete bodskap, såleis at det er opp til kvar betraktar å sjølv lese inn samanhengar i kunstnarskapet hans. Men ein søken etter eit fast eg som for så vidt er ein romantisk, modernistisk tanke fungerer ikkje særleg bra i dette tilfellet, for det er rett og slett ikkje slik at Brungot skaper eit teikn som kan definerast ein gong for alle. Det vil alltid ha forskjellige tydingar, der kvart bilde dannar ein ny kontekst. På same måte som Brungot er uredd for å ta tak i nok nytt og uprøvd, må vi som betraktarar driste oss til ei liknande tilnærming til verka – ikkje krampaktig konkluderande, men fritt og undrande. Og bilda legg opp til det, for fråveret av handfaste leietrådar skaper rom for fabuleringar.

"Hvad er det, hvad er det, hvad er det?
gjentager du, mens du stirrer paa det billede
af Jorden
som flimrer i solpletten paa væggen"
Ole Sarvig

I dei seinare åra har Brungot strekt kunsten sin langt utover landegrensene, der til dømes spanske motiv har lokka han over til fargar, noko serien ”Barcelona Manscape” (2002) viser. Han held seg til ei rein fargehaldning, vi finn mange bilde i sterke raude fargar, eller i blått avstemt med varmt kvitlege nyansar.

Innan kunsten vert uttrykket Manscapes gjerne nytta om verk som fokuserer på eller reproduserer landskap som er utforma av menneskehender. Brungots ”Barcelona Manscape” viser oss veg inn i ein uvanleg røyndom beståande av digre bylandskap. Her vert vi ført inn i eit framand land med eit anna klima, eit anna livsmønster. Utan tittelen til hjelp ville det vore uråd å gjette kvar bilda er tekne – i ein globalisert tidsalder får vi ofte kjensla av at eit urbant bilde kan vere frå kvar som helst. Også her er tomt og aude, sjølv stader der ein hadde forventa å møte mykje folk er det skremmande stilt. Det er først no som plassen er fri for livsmylderet at vi verkeleg ser han. Vi får opna auga for kor uhyggelig triste – nærast tarvelege – dei store urbane plassane kan vere når dei står nakne. Utan det pumpande og pulserande bylivet står plassane att som tomme skal. Ser vi mange nok av verka i serien ”Barcelona Manscape”, får vi etter kvart ei beklemmande kjensle av å vere åleine i denne aude og merkeleg framande verda som Brungot har mana fram. Vi begynner uvilkårleg å fabulerer over kvifor her er så mennesketomt, om kva som har hendt med alle menneska som burde vore her. Stemninga i verka er likevel ikkje eintydig negativ. Samstundes indikerer alle dei ferske spora etter menneska at dette ikkje er nokon permanent tilstand. For her verkar alt så nyvaska og rydda, klart for bruk. Kanskje er bileta er knipsa ein fredeleg augneblink, like før larmen, menneskemassene sprøyter nytt liv inn i plassen?

Eit anna verk, ”Paris Refleksjonar” (2004-06), består av nærare 100 småbilde av himmelens refleksjonar på ein og same parisiske vegg. Dette verket kan stå som fotokunstens svar på I.C. Dahls skystudium, eller Monets mange variasjonar over lysets skiftande spel på katedralen i Rouen. Men i staden for å studere skyformasjonane direkte på himmelen eller indirekte på ein steinkatedral, har Brungot funne seg ei skinande blank overflate som reflekterer himmelens fargerikdom. Men avglansen – som er vårt tilvære – treng ikkje vere bleike skuggar på holeveggen, men den mangfaldige regnbogen. Olav Løkke har skrive at i Brungots bilde kan vi ”ane lidenskapen som ligger like under overflaten”. Denne formuleringa kjem nært hovudpulsåra som strøymer gjennom produksjonen hans. For det er eit sterkt personleg uttrykk som dannar sjølve fundamentet for desse bilda.