INTERVJU MED GEIR M. BRUNGOT
intervjuer: Anna Høyersten (Høyersten Contemporary)


I dag retter vi oppmerksomheten mot kunstfotografen Geir M. Brungot (1962). Brungot er en fotokunstner som har funnet sitt tydelige uttrykk, og han har utviklet en metode og et blikk som med fordel kan ses i lys av hans læremestre, fotografene Lewis Baltz og Paul Hill.

Hans verker pryder samlinger ved anerkjente institusjoner som Nasjonalmuseet i Oslo, Preus museum i Horten, og Brandts, Museet for Fotokunst i Odense.

-Kan du huske når du bestemte deg for å bli kunstner og hvorfor?
Det var på midten av 80-tallet. Eg fotograferte på dette tidspunktet, men eg hadde bestemt meg for at eg ikkje skulle bli kunstnar. Eg følte samtidig at eg ikkje tok dei bileta som eg ville. Men mine ambisjoner endra seg i slutten av juli, start august i 1985.

Eg hadde meldt meg på ein workshop med Lewis Baltz (1945-2014) i Lofoten. Køyrde med kone og eldste barn i fatterns stygg-gule bil 1300 km til workshopen. Møtet med Baltz var skjelsettande, og eg møtte ei tilnærming til fotografiet som, trur eg, var berekna på meg! Eg arbeidde dag og natt. Når dei andre la seg seint på kveld, gjekk eg i mørkerom og framkalla film, om morgonen først opp av alle og laga bilete på mørkeromet. I 5 dagar, 15 timar om dagen. Det berre passa meg allt som skjedde der. Eg såg bokstavleg talt lyset. Forstod at det var dette eg passa til.

-Hva var grunnen til at du valgte fotografi som ditt medium?
At det vart fotografi var naturleg. Dét hadde eg holde på med sidan eg var liten gut. Eg er fullstendig talentlaus på teikning og maling. Så av og til filosofiserar eg over om det var eg som valgte fotografiet eller fotografiet som valgte meg.

-Hva er din kunstneriske stil og hvordan har den utviklet seg over tid?
Der går ein raud tråd gjennom allt eg har gjort. Å bruke landskapet som metafor for det å vere menneske. Men sjølvsagt så er det stor forskjel på bileta. Med landskap meiner eg, som Baltz sin definisjon, allt uttafor døra. Akkurat no er eg opptatt særleg av kor små vi menneske er, kor fort utviklinga går, at vi har ei hjerne som eigentleg ikkje held tritt med kunstigintellins, sosiale medie etc. Sjå bileta som heng på galleriet, så kor viktig føler du deg inne i denne betong, stein, metall og glas jungelen som er der?

-Har du et idol i kunstverdenen? og hvilket kunstverk skulle du ønske du selv hadde laget?
Har ingen idol, men der er mange som eg synest laga bra ting, både i kunstverda og filmverda. Eg ser mykje film og har ei samling på rundt 1200 DVDer og eigen kino, men ikkje TV, dét er vekk kasta tid. Eit bilete eg kunne tenkt meg at eg tok var eit av Tom Sandberg, ein liten bølgjekam. (red.: Uten tittel (Bølgen) 2004)

-Hvilken rolle spiller kunst for deg?
Kunst er noko som er viktig for meg… alt eg gjer har innflytelse på kunsten min, eg er kunsten, kunsten er meg… så alt eg gjer er viktig. Om eg les, ser, er med familie, så kjem det, på ein eller annan måte inn i bileta mine. Derfor er det også at då noko er viktig for meg at eg faktisk yter noko der, men kanskje er kunsten total opplevelsen av livet, mitt liv.

-Hvordan opplever du forholdet mellom publikum og kunstner?
Har hatt mykje kontakt med publikum og får ofte reaksjonar på bileta mine. Ei dame sa til meg; «vert litt lei meg av bileta dine Geir». Etterpå sa eg YESS, då avspeila mine bileter noko i henne, det er det viktigaste. Kontakta mellom betraktar og verk er det som er kunsten, for meg.